

Ta gjerne kontakt med oss direkte, så hjelper vi deg.
📞 Telefon: 90 77 87 12
Velg dato og tidspunkt i kalenderen. Bookingen gjelder 2 timar privat leige av saunen.
Når bookingen er bekrefta, får du tilsendt kode til nøkkelboks som du finn på utsida av badstua. Lås badstua og plasser nøkkel i kodeboks etter endt avtale.
Hugs å ta med handduk og badeklede. Det er og lurt å ta med seg ei vassflaske. Om de er mange og de vil spare tid og plass - byt om heime, ta på morgonkåpa og slippers. Så er det berre å gå rett inn i varmen når du kjem.
Vi har eit stort og låsbart omkledningsrom. Toalett er tilgjengeleg ved kaihuset. I saunaen finn du både ferskvatnsdusj og tilgang til ferskvatn inne i badstua.
Vi er eit sjølvbetent tilbod, og set difor pris på at de fylgjer våre retningslinjer. Hugs at all bruk av saunaen, og bading i sjøen i samanheng med bruk av saunaen, er på eige ansvar.
Ønskjer deg ei fantastisk oppleving hos oss. Vennligst ta med deg søppel og forlat saunaen ryddig. Gjerne gi tilbakemelding.





